Avdeling for Sjukehuspsykiatri SNR består av 4 døgnseksjonar samt poliklinikkar. Vi har no ledige stillingar som postvert. Vi har ledig ei 70% fast stilling og eit 14% vikariat med arbeid på helg med varigheit på eit år. Er du serviceorientert og trivast med å samarbeide med kollega i triveleg arbeidsmiljø - då er du den vi treng!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5118232601
Stillingsprosent: 70, 14%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 21.05.2026