Vi treng fleire lærarar!
Vi har ledig ei 100% fast stilling som faglærar i programfag ved avdeling Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign.
I den faste 100% stillingen som faglærar ønsker vi undervisningskompetanse og erfaring innan frisørfaget.
- Har du lyst til å undervise på ein av dei største og flottaste vidaregåande skulane i fylket?
- Vil du vere med i eit lærarkollegium som samarbeider tett om å hjelpe elevane med å meistre skulen og faga?
Då er du kanskje rett lærar for oss!
Som faglærar skal du:
- Planlegge og gjennomføre undervisning i programfaga i tråd med gjeldande læreplanar på vg1 og vg2.
- Være tett på elevane, legge til rette for meistring og gi dei faglege tilbakemeldinger som dei kan lære av.
- Samarbeide tett med bransjen og sørge for god dialog mellom skole og bransje.
- Følge opp at elevane får utplassering i bedrift.
- Undervisningskompetanse i programfag ved Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, med vekt på frisørfaget.
- Undervisningskompetanse betyr også påbegynt eller fullført PPU-Y.
- Har fagbrev og/eller høgare yrkesfaglig utdanning innan programområdet.
- Generell god IKT kompetanse.
Vi ønsker at du:
- Har gode samarbeidsevner og liker å lære saman med andre.
- Har evne til å danne gode relasjonar til elevane.
- Trivst saman med ungdom og ser kvar enkelt elev.
- Er tålmodig, vennleg og raus.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Bidrar inn i profesjonsfellesskapet.
- Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Julianne Synes Vågsholm, Avdelingsleiar, 97954561
Roger Fylling, rektor, +47 93441678
Yrkesskolevegen 20
6011 ÅLESUND
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5124302142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune.
Skolen har til saman nesten 1000 elevar og 235 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit ressurssenter, Nordre Sunnmøre (RNS) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs for næringslivet. Vi har også ansvar for undervisninga ved Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA-skolen) og ved Ålesund fengsel.