UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og er knytt til ERC Starting Grant-prosjektet OceanCoupling. Ei anna ph.d.-stilling i fluidmekanikk frå same prosjekt finn du her.
Forskargruppa til førsteamanuensis Yan Li søkjer ein svært motivert og usedvanleg talentfull stipendiat i fysisk oseanografi til å leie ei arbeidspakke som skal gje nye fysiske innsikter i koplinga mellom fleirskalastrøymingar knytte til havoverflatebølgjer, submesoskala straumar, turbulens og vindpåverknad ved luft–hav-grensesnittet. Fokuset er på dei fysiske prosessane under havoverflata.
Stillinga gir framifrå moglegheiter, mellom anna samarbeid med teoretiske ekspertar og eksterne partnarar, og deltaking på internasjonale konferansar og seminar. Prosjektet vil òg støtte forskingsopphald og felles aktivitetar med samarbeidspartnarar knytt til forskingsoppgåvene. Yan Li, saman med to ekstra samarbeidspartnarar, inkludert professor Alexander Babanin (University of Melbourne, Australia), vil utgjere eit rettleiingsteam for stipendiaten.
Forskinga vil innebere bruk av tilpassa numeriske skript utvikla av gruppemedlemmane, noko som betyr at samarbeid og lagånd vil vere sentralt i det daglege arbeidet. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er lista opp nedanfor:
Merk at brukarerfaring med kommersiell CFD software (som Fluent) ikkje er relevant for stillinga.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: prosjektleiar førsteamanuensis Yan Li, eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.