Er du ein psykolog med engasjement for barn og unge, og har eit ønske om å bidra til fagleg utvikling i barnevernet? Då kan dette vere stillinga for deg! Bufetat region vest har ledig ei 100 % fast stilling som psykolog/psykologspesialist i stab ved Tjenestestøtte. Du blir ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø ved regionkontoret i Bergen – eit miljø som verdset nytenking, samarbeid og kontinuerleg kompetanseutvikling. Kortare reiseverksemd utanbys kvar 3-4 veke må påreknast.
Du har:
Det er ønskeleg at du har:
år, 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850 000 - 930 000 pr. år, eller 0795 spesialpsykolog,
p.t. kr 750 000 - 850 000 pr. år.
Du får ein variert og spanande arbeidskvardag i ein seksjon som på skal bistå institusjonane i regionen i deira faglege arbeid. Du vil bli kollega med psykologar og barnevernfaglege med ulike erfaringsbakgrunnar og oppgåver.
Du vil bli del av regionen sin stab, med ei rekkje ulike oppgåver, seksjonar og fagprofesjonar. Saman jobbar vi kvar dag for å løyse eit viktig samfunssoppdrag.
Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.