Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen?
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.
Rogne barnehage er ein 3 -avdelings barnehage med 110 plassar. Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.
Vi samarbeider med dei andre barnehagane i kommune og Region Valdres med bl.a profesjonsveiledning av nyutdanna barnehagelærarar.
Frå hausten 2025 og i to år framover, skal barnehagen, i lag med dei andre barnehagane og skulene i kommunen, være deltakar i Læringsmiljøprosjektet. Dette er eit nasjonalt prosjekt som har som hovudmål å utvikle trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Prosjektet skal vektlegge arbeid på både individ, gruppe og systemnivå og utvikle barnehagen som lærende organisasjon.
Visjonen til barnehagen er "For barna".
Det kan bli moglegheit for forlgengelse av vikariata. Det kan òg bli ledig fleire vikariat.
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar Rogne barnehage, +47 95733837
Solhauglie 8
2943 Rogne
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5129368368
Stillingsprosent: 80, 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.06.2026
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.