Seksjonen vår har om lag 26 årsverk fordelte på sjukepleiarar, fysioterapeutar, sekretærar, ergoterapeut og klinisk ernæringsfysiolog (1 årsverk). Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi er avhengige av kvarandre og set stor pris på alle tilsette.
For klinisk ernæringsfysiolog er arbeidet variert og givande, med oppfølging av både medisinske og kirurgiske pasientar – både inneliggjande og polikliniske. Du vil møte eit breitt spekter av diagnosar og arbeide med både elektive og akutte pasientforløp.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Suzanne Aschehoug, Seksjonsleiar, +47 70058297, Suzanne.Kathrine.Saunes.Aschehoug@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5131383334
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 15.06.2026