Einingsleiar sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar, frå snarast/etter avtale, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Turnus med arbeid kvar 3. helg.
Kommunen tilbyr løn over tariff for sjukepleiarar som går i turnus. Til denne stillinga er det knytt bonus på 100 000,- ved bindingstid i to år. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt. Me har også, for tida, ekstra helgekompensasjon ved gått vakt.
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.