Vi søkjer ein samfunnsengasjert og tillitsskapande kommunikasjonssjef som skal ha eit særleg ansvar for kommunikasjonsarbeidet knytta til fiskeri, sjømat, havbruk, maritim næring og marin forsking. Du må ha god rolleforståing, innsikt i politiske prosessar og eit skarpt blikk for mediebiletet og den offentlege debatten. Du får ansvaret for å informere om fiskeri- og havpolitikken, planleggje for mediekontakt og bidra til debatt.
Kommunikasjonssjefen for fiskeri- og havområdet blir òg nestleiar i kommunikasjonsseksjonen, som for tida har til saman 14 medarbeidarar. Stillinga innehar ikkje personalansvar.
Tiltreding: Så snart som mogleg.
Å vere personleg eigna vil bli tillagt stor vekt.
Vil du høyre meir om stillinga, kan du ta kontakt med kommunikasjonssjef Lisa Nordøen på mobil 934 19 402 eller e-post lisa.nordoen@nfd.dep.no
Du søkjer elektronisk. Din søknadstekst kan være kort, men ein utfyllande CV er ein fordel. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske søknadsskjemaet. Vitnemål og attestar må leggjast ved.
Vi praktiserer omvendt referansesjekk. Det inneber at aktuelle kandidatar får høve til å snakke med ein eller fleire av medarbeidarane i kommunikasjonsseksjonen som kan fortelje meir om vårt gode arbeidsmiljø eller korleis arbeidskvardagen ser ut hos oss.
Søknadsfrist 3 .mai 2026.
Me gjer merksam på at jf. offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har som mål å utforme en helhetlig fiskeri- og næringspolitikk som legger til rette for omstilling og bidrar positivt til samlet verdiskaping. Dette innebærer å understøtte regjeringens politikk for å skape flere grønne og lønnsomme arbeidsplasser, styrke investeringene på fastlandet, øke eksporten utenom olje og gass, samt kutte klimagassutslippene.
Departementet forvalter en bred EU/EØS-portefølje. Viktige ansvarsområder er også næringsrelevant forsknings- og innovasjonspolitikk, konkurransepolitikk og handelspolitikk. NFD forvalter statens eierandeler i en rekke selskaper, og har mange underliggende etater og tilknyttede virksomheter.
Departementet har ca. 400 ansatte. Les mer på www.regjeringen.no/dep/nfd
Vi i NFD ønsker medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Vi oppfordrer derfor alle kvalifiserte kandidater til å søke, og vil tilrettelegge for medarbeidere som eventuelt har særskilte behov for det. Vi oppfordrer deg til å krysse av i jobbsøkerportalen dersom du har funksjonsnedsettelse, hull i CV eller innvandrerbakgrunn.