Bokn skule er frå skulestart 2026 ein fådelt skule 1-10 med 80 elevar. Me er opptatt av å skape eit inkluderande læringsmiljø og eit godt psykososialt miljø for elevar og tilsette. Skulen ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn.
Pleie- og omsorg i Bokn Kommune består av heildøgnsomsorg i institusjon (Sjukestova), heimetenesta og Bu- og aktivitet. Det er 16 sengeplassar og 12 omsorgsbustadar som ligg i flukt med sjukestova og 3 leiligheitar som er tilknytta Bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun.
Me ynskjer ein som er fleksibel og som kan arbeida både i skule, SFO og på bu- og aktivitet. Frå august 2026 vil arbeidsstad vera tilknytt skulen, men dette kan endre seg over tid og ved ulike behov.
Det kan på sikt bli aktuelt med 3 delt turnus med helgearbeid, kveld og natt ut frå brukarar sitt tenestebehov.
Link til søknadsskjema:
Søk herBokn skule er med sine 25 tilsette og om lag 90 elevar ein svært viktig institusjon for lokalsamfunnet. Skulen dekkjer barne og ungdomstrinnet, har høgt fagleg fokus og jobbar systematisk for skape eit godt, trygt og framtidsretta skule og læringsmiljø der alle elevar får oppleva å høyre til i eit inkluderande fellesskap. Målet vårt er å utvikle engasjerte, motiverte og nysgjerrige elevar som tek aktivt del i si eiga læring.
Skulen flytta på nyåret 2023 inn i eitt nytt, flott bygg med spennande spesialrom og gode store fellesareal. Skulen driv opplæring i aldersblanda grupper og har digitale læringsverktøy 1:1. Dei aldersblanda guppene har to kontaktlærarar som samarbeider om elevane og undervisninga.
Bokn kommune samarbeider med andre kommunar på Haugalandet og deltek jamleg på felles nettverksmøter og fagsamlingar.
Som tilsett på Bokn skule får du ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode oppvekst – og læringsmiljø for våre elevar. Me søker deg som har eit inkluderande elevsyn, og som ser den enkelte elev.