Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk jurist som vil bidra til god sakshandsaming og rettstryggleik i helse- og omsorgstenestene våre. Stillinga er midlertidig og varer eitt år, men det kan verte mogleg med fast tilsetting.
Kommunane på søre Sunnmøre er i ferd med å etablere felles forvaltningskontor, og du vil få ei sentral rolle i dette samarbeidet. Per i dag har Herøy kommune ansvaret for sakshandsaming og tildeling av tenester også til innbyggarar i Sande kommune.
Som jurist i forvaltningskontoret vil du vere delaktig i den operative sakshandsaminga, i særskilt krevjande saker, og gi råd og rettleiing både internt og eksternt.
Arbeidsoppgåver kan endre seg over tid.
Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleg. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn på intervju.
Inga-Lill Slenes Bjørnstad, Avdelingsleiar, +47 90825260
Rådhusgata 5
6090 Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5143330757
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 17.08.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.