Er du løysingsfokusert og ynskjer å vera med å bygge laget rundt bornet og deira familie og nettverk?
Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?
Ynskjer du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?
Då ynskjer vi deg velkommen til vårt team!
Me har ledig 100% midlertidig stilling som helsesjukepleiar frå d.d
Me ynskjer at du:
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me har eit godt arbeidsmiljø der det er plass til både fagleg fordjuping, humor i kvardagen og eit godt fellesskap. Me har faste fagmøter, veiledning og arbeider tverrfagleg både innad i avdelinga og med samarbeidspartar. Vi er ei nytenkjande teneste i utvikling. Dette gjer arbeidskvardagen variert og spennande. Vi ser etter deg som brenn for born og unge. Me har eit mål om at det skal vera godt å vekse opp i Ål.
Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herFamiliens hus gir tenester til barn, ungdom og familiar. Familiens hus består av tenester i Helsestasjonen,jordmorteneste, Psykisk helse born og unge, Undomslos, FACT Ung- koordnator, logoped og PPT. Familiens hus arbeider tverrfagleg for å fremje trivsel og god fysisk og psykisk helse hjå born, unge og deira familiar, samt styrke born og unge sine oppvekstsvilkår. Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling.
Alle i tenesta jobbar i team. Me har høgt fagleg nivå og har eit tett og godt samarbeid med skulane og barnehagane og dei andre sektorane. Me er i ein spanande utviklingsprosess med mål om å vere ei teneste i tråd med anbefalingar i Meld. St & - Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule. Kvar einaste dag gjer våre medarbeidarar i barnehage og skule ein stor innsats for å hjelpe våre barn til å nå sine drøymar og mål. Familiens hus er ein viktig del av laget rundt barnet og eleven.
Familiens hus er samlokalisert med Hallingdal barnevern sentralt i Ål.