Vi søker ein blid og glad assistent. Rotnissen steinerbarnehage er ein spennande barnehage, med kreative og omsorgsfulle medarbeidarar. Barnehagen ligg i vakre omgjevnader mellom skog og fjære. Gjennom rytme i dagen og året skal vaksne vere gode førebilete og gje næring til det sansande barnet.
Vi søker ein person som
har gode samarbeidsevner
leiken
likar å bidra til felleskapen
allsidig
påliteleg
engasjert
tek ansvar
har kjennskap til eller ynskjer å lære om pedagogikken vår
Kome i tide
Vere aktivt tilstades
Ta vare på medarbeidarane dine
Leike
Vere støttande vaksen for barna
Vere eit godt førebilete for barna
Ta ansvar
Vere allsidig
Lage mat saman med barna
Vere hjelpsom og løysingsorientert
Ta vare på hagen vår saman med barna
Vere ein trygg og varm vaksne for barna
Ein allsidig jobb med mykje latter og glede. Ein barnehage der barn kan trivast, vere trygge og utvikle seg i eit sunt og bærekraftig miljø. Medarbeidarar som er engasjerte og gjer mykje av seg sjølve i jobben. Eit kreativt miljø med naturlege material der vi tek vare på hagen vår og husa våre.
Gjeldande tariffavtale gjennom PBL
Stiftelsen Steinerbarnehagen Rotnissen er ein privat barnehage fordelt på 2 hus. Vi har småbarn i eit hus med 2 avdelingar og tilsaman 18 barn. Vi har eit storbarnshus med 2 avdelingar og tilsaman 36 barn. Vi har gode uteområder der vi dyrkar og held høns. Barnehagen er oppteken av miljøet og på begge husa komposterar vi. Vi bakar brød eller lagar varm mat kvar dag saman med barna.
Vi har open barnehage ein dag i veka i eige lokale.