Kronstad distriktspsykiatrisk senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er i utvikling, og vi er heile tida opptatt av å tilpasse oss dei
endringar vi ser i behova retta mot oss. Vi har oppretta eit fagteam for
spiseforstyrringar, og eit fagteam for nevroutviklingsfortyrringar. Vi har etablert eit FACT Allmennteam som første i vår region, og vi har eit Tidleg Avklaringsteam som har
spesialistar i front for vurdering av kompliserte eller uklare tilvisingar.
Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Poliklinikkane er bemanna med god fagleg breidde, der overlegar, psykologspesialistar og psykologar, psykiatriske sjukepleiarar og sosionomar inngår. Vi har også jobbspesialistar frå NAV tilknytta poliklinikkane. I tillegg har vi jamnleg både legar i spesialisering og psykologstudentar i praksis.
Poliklinikkane har fleire medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innan mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi, emosjonsfokusert terapi, m.m, i tillegg til at fleire medarbeidarar har vidareutdanning innan andre spesifikke utgreiings- og behandlingsmetodar. Poliklinikken har òg fleire tilsette med forskingskompetanse. Totalt treng vi kompetanse for å greie ut og behandle ein pasientpopulasjon med varierte vanskar; traume, autismespekter forstyrringar, ADHD, angst, depresjon, alvorlege affektive lidingar, personlegdoms-utfordringar m.m.
Som eit ledd i å forbetre tenestene våre, og samtidig forbetre kvardagen for den einskilde behandlar, har vi ved Kronstad DPS innført "Ny poliklinisk kvardag". Dette inneber mellom anna at alle behandlarar har ein dag i veka som kan nyttast til arbeid som ikkje inneber direkte pasientkontakt.
Vidare har alle spesialistar ein dag avsett for å vere tilgjengelege for ikkje-spesialistane når det til dømes er nødvendig med drøftingar, felles konsultasjonar med pasientar eller anna arbeid som er nødvendig å bidra inn i med spesialistkompetanse. I 2025 startar vi også opp med eit systematisk opplæringsprogram spesielt retta mot medarbeidarar som ikkje er spesialistar. Dette programmet har som føremon å sørge for at alle har tilstrekkeleg kunnskap til å utføre arbeidet i poliklinikkane i tråd med gjeldane lovar og regelverk, og samstundes bidra til å kontinuerleg auke kompetansen vi sit med kvar for oss og saman. Som psykologspesialist i poliklinikk vil du også få oppgåver knytta til dette opplæringsprogrammet og såleis vere ein verdfull bidragsytar til at vi aukar kvaliteten på tenestene våre.
Stillinga er ledig etter nærare avtale.
Erfarne psykologar med kort tid igjen av si spesialisering kan også vurderast for stillinga.
Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Per Birkhaug, Seksjonsleiar, 92411715
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5143230979
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.