Alver kommune søkjer etter deg som ønskjer å vere ferievikar i heimetenesta. Det vil vere størst behov i perioden veke 25- 34. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i helsefagleg utdanning. Dersom du har anna bakgrunn, kan du òg vere aktuell.
Løn:
Som assistent vil du minimum få ei timeløn på kr 215,-.
Som sjukepleiar-/vernepleiar -student vil du kunne få høgare lønn, avhengig av kor mange studiepoeng du har bestått.
I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06. Du får óg anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg.
For arbeid innan heimetenesta må du ha førarkort klasse B, og beherske norsk.
Manger - Einingsleiar Tanita Marøy
Frekhaug - Einingsleiar Roy Sørensen
Knarvik - Konstituert einingsleiar Lydia Langeland
Alversund/Seim - Einingsleiar Vibeke Løtvedt
Lindås - Einingsleiar Silje Fanebust
Ostereidet - Einingsleiar Katrine Kleppe
Dagsenter - Einingsleiar Vanja Køhne
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim . Kvardagen hos oss er variert, der du vil oppleve stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Dei siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i journalsystem.
Når du skal jobbe hos oss kan dette være aktuell kompetanse.
Du har gjerne relevant erfaring, studier eller skulegang.
Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid, og gode personlege eigenskapar vert tillagt vekt.
I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Kvar avdeling er organisert med eigen Einingsleiar.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund og Frekhaug.