AiR har eit tydeleg samfunnsoppdrag:Å hjelpe menneske med helseutfordringar til å stå i arbeid. AiR har hovudsete i Rauland i Vinje kommune, ei avdeling i Oslo, samt ei eiga forskings- og innovasjonseining. Vi er ein ideell organisasjon eigd av partane i arbeidslivet. I snart 40 år har våre tverrfaglege team støtta nærare 30.000 sjukemelde med ulike helse- og livsutfordringar til å stå i arbeid. Vi har sterke fagmiljø, høg fagkompetanse og lang erfaring. No er vi i ein fase der denne kompetansen skal gjerast relevant for nye marknadar.
AiR søkjer ein drivande og resultatorientert leiar for utvikling og innovasjon som skaper tempo, framdrift og bruk av tenestene våre hos nye kundar og samarbeidspartnarar.
Dette er ei rolle for deg med sterk gjennomføringsevne og forretningsforståing -- og som evnar å omsetje behov i marknaden til konkrete, berekraftige løysingar. Du trivst i operativt arbeid, tett samspel med andre og i roller der ikkje alt er ferdig definert.
Stillinga har ansvar for utvikling og innovasjon av nye tenester, i første omgang digitale tenester - mellom anna vidareutvikling av AiR Digital.
Rolla er operativ og jobbar tett saman med leiar for marknad og produktansvarleg. Leiaransvaret handlar først og fremst om retning, prioritering og framdrift, meir enn personalleiing. Stillinga inngår i AiR si leiargruppe.
Du vil jobbe tett på kundar, samarbeidspartnarar og interne fagmiljø, og vere ei sentral drivkraft i å omsetje innsikt frå marknaden til praktiske og relevante løysingar.
Samarbeid med nye kundar og partnarar, særleg større verksemder samt forsikrings- og pensjonsmiljø
Forstå kundebehov og omsetje desse til tydelege og relevante tilbod
Bidra til at AiR sine tenester, særleg AiR Digital, blir tekne i bruk og vidareutvikla basert på erfaringar frå marknaden
Sikre tempo og framdrift i utviklingsløp i tett samspel med leiar for marknad og produktansvarleg
Bidra til berekraftige inntektsmodellar innanfor AiR sitt ideelle formål og samfunnsoppdrag
Ein person med dokumentert erfaring frå forretningsutvikling, innovasjon eller skalering av tenester, gjerne digitale
Som har god forståing for samanhengen mellom kundebehov, kvalitet og økonomisk berekraft
Som trivst i samarbeid og jobbar godt i komplekse og uavklarte situasjonar
Har god forståing for digitale løysingar
Formell utdanning er mindre viktig enn erfaring, driv og gjennomføringsevne. Kjennskap til arbeidsliv, helse eller relaterte område er ein fordel, men ikkje eit krav.
Høg gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
Evne til å stå i krevjande utviklingsprosessar over tid
Gode samarbeids- og relasjonsevner
Ei nøkkelrolle i ei ideell verksemd med eit tydeleg samfunnsoppdrag
Stor påverknadskraft og korte avgjerdsvegar
Tett samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer frå ulike fagmiljø
Moglegheit til å utvikle tenester som gir varig verdi for enkeltmenneske og samfunn
Arbeidsstad: Oslo
Rehabiliteringssenteret AiRer leiande innan arbeidsretta rehabilitering (ARR). Sidan 1986 har senteret, som er ein landsdekkande, ideell institusjon i spesialisthelsetenesta, hjelpt personar med samansette helseutfordringar til å koma inn i eller halde fram i arbeid/utdanning.
Unge vaksne utanfor arbeid eller skule er ei aukande samfunnsutfordring, og sidan 2021 har AiR hatt eige tilbod til denne gruppa, AiR UNG (18-30 år).
AiR tilbyr og utviklar kunnskapsbaserte rehabiliteringsprogram. Digitale verktøy nyttast både før, under og etter opphald. Dette styrkjer prosessen og gjev ei meir samanhengande oppfølging gjennom heile rehabiliteringsforløpet.
AiR har to avdelingar. Eit hovudsenter i Rauland i Telemark, og eit dagsenter i Oslo.