Vi søkjer ein maskinsjef til vår moderne, elektriske ferje MF Sunnylvsfjord – spennande jobb nær Ålesund. Fleksibel turnus 2 veker på/2 veker av - døgnskift. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid.
Kvifor velje oss?
Som maskinsjef vil du ha hovudansvaret for den tekniske drifta av ferja.
Dette inkluderer:
Du trivst med ansvar og tekniske utfordringar, og likar å jobbe i eit miljø der samarbeid og kommunikasjon er nøkkelen til suksess. Du er løysingsorientert, serviceinnstilt og tek initiativ når det trengst. Med godt humør og ei positiv innstilling bidrar du til eit godt arbeidsmiljø og trivsel om bord. I tillegg brenn du for å vere med på den grøne utviklinga i maritim sektor og jobbe med moderne teknologi.
Interessert? Send inn søknaden din i dag og bli ein del av den fine gjengen på MF Sunnylvsfjord – vi ser fram til å høyre frå deg!
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, jill.juberg@fjord1.no
6200 Stranda Municipality
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4996799624
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.