Tenesteleiar
Stillinga er organisert under livsløp, eit kommunalområde der ein har samla fleire tenester som er viktige bidragsytarar i livsløpet til kommunen sine innbyggjarar. Saman med oss skal du vere med å levere gode tenester til barn, ungdom og deira føresette i Haram kommune.
Kommunalområde livsløp består av tenesteområde psykisk helse og rus, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, ergoterapi, fysioterapi, lege og helsestasjonstenester.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Helsestasjonen er ei teneste for barn og unge frå 0-24 år.
Bodil Fjørtoft, Avdelingsleiar, 41619457, bodil.johanne.otterlei.fjortoft@haram.kommune.no
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no
Strandgata
6270 BRATTVÅG
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5120159211
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.