Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS (HDPS) søkjer etter Psykologspesialist / psykolog til å jobba saman med oss i eit spennande fagmiljø i utvikling.
Hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg miljø som både forventar mykje av deg – og gir deg mykje tilbake.
I Psykosepoliklinikken møter du ein kvardag der fagleg tyngde, tett samarbeid og kontinuitet i behandling står sentralt. Vi dekkjer heile forløpet frå tidleg oppdaging av psykose til langvarig oppfølging av pasientar med kroniske psykosetilstandar. Poliklinikken har òg ansvar for oppfølging av pasientar som er underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i Haugaland DPS sitt opptaksområde. HDPS har to sengepostar; ein ordinær, samt ein der psykosepoliklinikken sitt behandlarteam er ansvarlege for eigne forløp i posten. Dette gjev særegent gode føresetnader for å skapa kontinuitet i behandlingsforløp.
Poliklinikken tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilnærmingar, inkludert medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, musikkterapi, IMR-grupper (Illness Management and Recovery) og livsmeistringsgrupper.
Vi har både eit ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar, deler av stillinga kan bli knytta til arbeid i FACT. Psykosepoliklinikken driv omfattande kvalitetsforbetringsarbeid og vi har blant anna eit eige utgreiingsteam med behandlerne i poliklinikken som arbeider med brei differensialdiagnostikk og tett samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.
Verksemda er lokalisert i både Haugesund, og i Haugaland DPS sine lokaler i Kopervik.
Hos oss er det viktig at du:
Personlige egenskaper vil bli vektlagt.
Louise Sandve, Funksjonsleiar, 90608613, louise.sandve@helse-fonna.no
Floravegen 75
5535 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5035378783
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.