Denne stillinga er todelt. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd. Utanfor sommarsesongen blir du ein del av vår ressursgruppe i Vestland og bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband og reservefartøy. I denne rolla vil du vere utsjekka på fleire fartøy og tenestegjere på ulike samband etter behov.
Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar. Dette krev at du er erfaren, fagleg dyktig og trygg i rolla som dekkssjef.
Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og fire veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 98-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.
For å kunne utføre stillinga når ein inngår i ressursgruppa må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no
Kvalvågnesvegen 681
5956 Hundvin
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5123685388
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.