Sunde barnehage har ledig 100% stilling som barne-og ungdomsarbeidar. Stilling er 60% fast frå 1.8.2026 og 40% vikariat i perioden 1.8.2026-31.07.2026, forlenging eller auke av fast stilling kan vere aktuelt.
Barnehagen ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Barnehagen har friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra.
Sunde barnehage er ein kommunal barnehage med 2 avdelingar, ein for barn mellom 1-3 år og ein avdeling for barn mellom 3-6 år.
Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er: Alle i Sunde barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.
Du kan lese meir om barnehagen på Sula kommune si heimeside, under Oppvekt og utdanning.
Vi ser etter ein person som
Faglege og personlege eigenskapar bli vektlagt.
Anita Beth Quon Eikrem, Einingsleiar, 47648090, anita.beth.quon.eikrem@sula.kommune.no
Rystene 30
6037 Eidsnes
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5142904303
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 23.06.2026
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her