Vil du bli ein del av vårt flotte team?
Eining for omsorg har ledig ei 100% fast stilling for sjukepleiar i tredelt turnus. Det er for tida arbeid kvar 3.helg og det er ein del netter i turnus. Vi tilbyr lønn lik 16 års ansiennitet.
Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling (korttidsopphald/avlastning/kommunal augeblikkeleg hjelp), 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.
Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta, og som sjukepleiar vil du ha oppgåver på begge stader, men stillinga er no hovudsakleg tilhøyrande inne på Åseralsheimen.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Ønskjer du å arbeide i eit godt arbeids - og fagmiljø, med mange spennande arbeidsoppgåver håpar me du søkjer jobb hos oss.
Søkjar må ha førarkort klasse B.
Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Sjekk ut korleis det er å bu og jobbe i Åseral: https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.no
Bordalsbakken 10
4540 Åseral
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5124259339
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.