Vil du vere ein viktig del av eit engasjert team som set pasienten først – og samtidig bu i ein av dei vakraste bygdene på Vestlandet? Fjaler Legekontor søkjer no ein dyktig sjukepleiar til 100 % fast stilling, ledig frå 01.09.26. Vi tilbyr eit triveleg, inkluderande og fagleg utfordrande miljø, der du får moglegheit til å gjere ein forskjell kvar dag.
Fjaler legekontor held i dag til i eigne lokale ved Fjaler Helsetun, men vil ved årsskiftet flytte inn i nye, moderne og romslege fasilitetar ved Fjaler Helsehus- eit flott helsebygg midt i Dale Sentrum. Ved Fjaler Legekontor vil du jobbe saman med to andre sjukepleiarar, samt tre legar og ein turnuslege.
Vi vektlegg at ein er personleg eigna for stillinga.
Fjaler kommune kombinerer idyllisk natur med eit aktivt lokalsamfunn. Her har du kort veg til både fjell, fjord og friluftsliv, samtidig som Dale sentrum tilbyr butikkar, kaféar og kulturelle tilbod. Dette er staden for deg som ynskjer å kombinere fagleg utvikling med høg livskvalitet.
Vi ser fram til å høyre frå akkurat deg!
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herFjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord- og fjellvakker natur.