Ledig fast stilling – 55% reinhaldar/pleiemedarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar
Frå 01.08.2026 har vi ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å jobbe tett på menneske og bidra til ein trygg og meiningsfylt kvardag for eldre. Vi har ledig ei fast stilling på 55% som reinhaldar/pleiemedarbeidar.
Fjordsyn omsorgsbustad er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 29 trygge og tilrettelagde leiligheiter. Bustaden er ein del av avdeling heimeteneste. Her er personalet stasjonert i huset for å sikre tryggleik, stabilitet og kontinuitet for bebuarane – og for å skape eit miljø der både brukarar og tilsette kan trivast. Du blir ein del av eit fagleg engasjert team som samarbeider tett, støttar kvarandre og har fokus på kvalitet i alle ledd.
👉 Klar for ein jobb som gir både fagleg utvikling og ekte arbeidsglede?
👉 Søk no – 😄 Vi vil ha deg med på laget!
I stillinga inngår det 40% praktisk bistand og 15% som pleiemedarbeidar. Stillinga har for tida dagtid i vekene og dag/kveld kvar andre helg.
Du vil ha ansvar for reinhald av fellesareal og bebuarane sine leiligheiter ved omsorgsbustaden. Som reinhaldar skal du sikre at lokala er reine, trivelege og presentable, og bidra til gode hygieniske forhold for både bebuarar og tilsette. Arbeidet omfattar mellom anna støvsuging, mopping og anna nødvendig reingjering for å sikre gode bu- og arbeidsforhold.
Som tilsett vil du møte brukarar med ulike behov. Du observerer og dokumenterer brukaren sin tilstand, og samarbeider med helsepersonell om å iverksette og følgje opp nødvendige tiltak. Pleie- og praktiske oppgåver vert utført etter tiltaksplan for kvar bebuar, og kan omfatte personleg pleie, forflytning, måltidssituasjonar og andre daglege gjeremål.
Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og å gi bebuarane ein god og meiningsfylt kvardag. Kvar tilsett har ansvar for å medverke til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø.
Lill Kristin Vassbotn, Seksjonsleiar, 41 40 00 27
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521
Sevrinhaugen 4
6102 Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5139929238
Stillingsprosent: 55%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Fleire ledige stillingar i Volda kommune