Ynskjer du å jobbe med begynneropplæringa? Hos oss møter du ein moderne 1.–10. skule med framtidsretta læringsareal og eit stort uteområde som gir godt rom for leik, aktivitet og læring. Vi brenn for å skape lærelyst og motivasjon, både hjå elevane og i kollegiet.
Vi jobbar tett saman på tvers av barneskule og ungdomsskule, og vi legg vekt på å vere eit lag som støttar kvarandre og drar i same retning.
Hos oss får du kollegaer som er engasjerte, rause og klare for å dele både erfaringar og gode idear.
Har du lyst til å bli ein del av dette fellesskapet? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgaver
- Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med læreplan og opplæringslov.
- Stillinga kan ha kontaktlæraransvar på småtrinnet.
- Følgje opp kommunen sine planar for byrjaropplæringa.
- Skape eit trygt og inkluderande skulemiljø for elevane gjennom god klasseleiing og inkluderande undervisning.
- Bidra aktivt i profesjonsfellesskapet og i utviklingsarbeidet til skulen.
- Bidra til trivsel, tryggleik og eit positivt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjoner
- Godkjent lærerutdanning for undervisning på 1. -4.trinn
- Undervisningskompetanse i norsk, matematikk og engelsk.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse, både i eige arbeid og i undervisningsarbeidet.
- Det er ynskjeleg at du har undervisningserfaring og erfaring med rolla som kontaktlærar.
- Spesialpedagogisk kompetanse er ynskjeleg.
- Tilfredsstillande politiattest vert kravd og må leggjast fram seinast ved tiltredelse
Personlige egenskaper
- Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape trygge og positive læringsmiljø.
- Tydeleg og god kommunikasjon med elevar, føresette og kollegaer.
- Arbeide strukturert og målretta, med god evne til å organisere og halde oversikt.
- Tålmodig, rolig og løysingsorientert i utfordrande situasjonar.
- Motiverande og engasjert, med evne til å variere undervisningsmetodane.
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldende avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
- Fri gruppelivs- og ulukkesforsikring
- Eti varmt og inkluderande arbeidsmiljø der du blir ein viktig del av eit engasjert profesjonsfellesskap.
- God støtte og veiledning for nyutdanna lærarar– vi sørger for ein trygg og fagleg solid start i yrket.
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer og eit miljø som deler kunnskap og løysingar.
- Ein arbeidshverdag prega av tillit, fleksibilitet og rom for å prøve ut nye idear i undervisninga.
Generelle opplysningea: I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysningae om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har anmoda om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom ønsket ikkje etterkommes, vil søkjaren bli varslet om dette før søkjarlista vert utarbeida.
Eventuelle vitnemål og attester skal leggjast inn som vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Bjørg Skråmestø, Rektor, +47 56155540
Arbeidssted
Fauskanger
5314 Kjerrgarden
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Askøy kommune
Referansenr.: 5111870046
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026