Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012.
Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Ved avdelinga er det no ledig ein fast grunnstilling som bioingeniør/avdelingsingeniør. Stillinga er knytt opp mot Seksjon for immunologi. Stillinga er ei dagstilling med 37.5 timar pr. veke.
Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Siri Brønlund, Seksjonsleiar Seksjon for immunologi, brosir@ihelse.net
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5139717954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.