Nå søkjer vi inntil fem engasjerte førstekonsulentar til vikariat i avdeling for registerforvaltning for perioden 01.07.2026–31.12.2026.
Hos oss får du moglegheit til å bli kjend med offentleg sektor gjennom saksbehandling og andre arbeidsoppgåver retta mot norsk næringsliv og frivillig sektor. Vi har ein travel arbeidskvardag der omstilling og utvikling gir varierte, spennande og meiningsfulle oppgåver.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli lagde vekt på.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb i Brønnøysund, kan vi formidle kontakt med dei.
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Har du hol i CV-en, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Har du studielån og bur i Brønnøy kommune kan du få nedskrive lånet kvart år til det er nedbetalt. Les meir om https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vil-innfore-ny-ordning-for-sletting-av-studielan/id3121673/
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Vi satser først og fremst på folk, og det har gjort oss til etaten med best omdømme i Norge. Hos oss får du utvikle deg faglig samtidig som du har en god balanse mellom jobb og fritid. Vi vet at de beste løsningene skapes av mennesker som trives både på og utenfor jobb.
Bli med på laget som gjør det enklere å drive virksomhet i Norge og som leverer dataene som holder samfunnet i gang. Nå kan du bli en av våre 470 kolleger på Norges vakreste arbeidsplass.