Dingemoen skule og SFO har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar. Arbeidsplass skuleåret 2026/2027 vert på Dingemoen skule og SFO. Vi ser etter deg som er stabil, trygg, varm og engasjert vaksen som trivast saman med barn, og som ynskjer å bidra til læring, meistring og gode opplevingar – både i klasserommet og på SFO.
Hjå oss får du vere ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der relasjonar, samarbeid og elevane si utvikling står i sentrum.
Ein viktig del av arbeidet vil vere å byggje gode relasjonar til barna både i skuletida og på SFO, samt bidra til læringsstøttande og trivselsskapande aktivitetar. Du vil ha ansvar for å leie barnegrupper i SFO-tida gjennom å vere ein aktiv deltakar og medspelar i leik- og læringssituasjonar.
Stillinga kan vere knytt til enkeltelevar som treng heilskapleg oppfølging gjennom heile skule- og SFO-dagen.
I arbeidet på SFO er det viktig at du er aktiv og oppsøkjande i møte med barna, og at du evnar å sjå det enkelte barnet samstundes som du har oversikt over heilskapen. Dagane i SFO er varierte og ulike, og vi treng vaksne som samarbeider godt, tek initiativ og ser kvar det er behov for deira nærvær.
Vi tilbyr ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Hos oss får du moglegheit til å vere med og påverke elevane sin kvardag og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Velkomen som søkjar til Fjaler kommune! Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herDingemoen skule er ein 1-10 skule som ligg i Dale i Sogn og Fjordane.
Likskap, kunnskap, venskap er visjonen til Dingemoen skule.
Dingemoen ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog.
Ved Dingemoen skule arbeider vi for eit læringsmiljø som sikrar:
- tilpassa opplæring for alle, med god balanse mellom utfordring og meistring
- høg fagleg kvalitet, som grunnlag for personleg vekst og vidare skulegong
Vi legg til rette for utvikling av:
- tryggleik, trivsel og medverknad
- lærelyst, kreativitet og kritisk sans
- samarbeid, personleg ansvar og god takt og tone
- godt samarbeid med heimen
Dingemoen skule har:
- nulltoleranse for mobbing, vald og rasisme