Brenn du for å møte born og unge der dei er, byggje relasjonar, motivere frivillige og skape undervisning som set spor? Då treng vi deg med på laget.
Volda kyrkjelege fellesråd søkjer ein pedagog/kyrkjelydsarbeidar i 60% stilling. Du vert ein viktig del av undervisningsteamet vårt, saman med kateket og ein kollega i deltidsstilling.
Saman med resten av undervisningsteamet skal du vere med på å drive og vidareutvikle Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) i Volda fellesrådsområde. Stillinga gjev varierte arbeidsdagar med både planlegging, gjennomføring og relasjonsbygging.
Arbeidsoppgåvene inkluderer:
Volda ligg vakkert til i søre Sunnmøre med fjordar, dalar og fjell rett utanfor døra. Her bur om lag 11 000 innbyggjarar, og kommunesenteret er kjend som ein livleg skulestad med vidaregåande skule og høgskule med 4500 studentar. Gode kommunikasjonar med både buss og fly gjer det enkelt å kome seg rundt.
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Politiattest må liggje føre før tilsetting. Tilsettinga skjer i samsvar med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga – ta kontakt om du vil ha ho tilsendt. Vi nyttar intervju som del av vurderinga.
Søknad med CV, vitnemål/attester og referansar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no innan 3.mai 2026.
Ring eller skriv – vi tek gjerne ein uformell prat!
Kyrkjeverje Jostein Stråbø, tlf. 916 63 549 / JS478@kyrkja.no
Kateket Martine Hjertvik Urke, tlf. 908 97 340 / MU894@kirken.no
Jostein Stråbø, Kyrkjeverje, +47 91663549
Martine Hjertvik Urke, Katetet(kyrkjelydspedagog), 90897340
Rådhusgata 6a
6100 VOLDA
Arbeidsgiver: Volda kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5105755067
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
VOLDA KOMMUNE
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74% av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel. Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.
Kommunen har seks sokn, Volda (5752), Hornindal (992),Dalsfjord (583), Kilsfjord (440), Austefjord (265) og Storfjorden (98), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.