Rådgiver(undervisning)
Vil du vere med og skape trygge, utviklande og inspirerande kvardagar for barna våre?
Barnehagane i Kviteseid kommune har no ledige, faste pedagogstillingar med samla stillingsstorleik på inntil 400 %.
Stillingane er fordelt på dei tre kommunale barnehagane:
• Kviteseid barnehage
• Brunkeberg barnehage
• Vrådal barnehage
• Planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid
• Ansvar for å sikre eit trygt og godt barnehagemiljø
• Rettleiing og samarbeid med medarbeidarar
• Aktiv deltaking i utviklingsarbeid
• Godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
• Godkjend utdanning som barnehagelærar, eller anna pedagogisk utdanning.
Likeverdig med barnehagelærarutdanning er ana treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
• Krav til norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
• Fagleg utvikling
• Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
• Tillegg i løn for pedagogiske leiarar på 20 000 kroner i året framhandla av utdanningsforbundet
Erna Lønnegraff, Leiar Vrådal barnehage, 35055325
Anette Strømstad, Leder(undervisning) Brunkeberg barnehage, 98466910
Eva Lundeberg, Leiar Kviteseid barnehage, 35055310
Siw Børresen, Rådgiver(undervisning)
Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5122145554
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 12.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark, har omlag 2.500 innbyggjarar. Vi har golfbane som er kåret til beste golfbane i Norge i Golfamore Awards 2025, basert på rangering frå medlemmane. Vi har også alpinanlegg og utandørs klatrevegg. Vi har vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert og Kviteseid er kommunesenteret, som ligg midt i kommunen. Det er kort veg til aust, vest og Sørlandet. Klimaet er fint året rundt.