Radiologisk avdeling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har ledig ei fast 100 % stilling som radiograf i turnus med arbeidsstad Kristiansund, frå og med 24.08.2026.
Radiologisk avdeling SNR er fordelt på to seksjonar: SNR Kristiansund og SNR Hjelset.
Vi er ei moderne, fagleg sterk og inkluderande avdeling med 49 radiografar fordelt på dei to seksjonane som samarbeider med radiologar og kontorpersonell i eit spennande miljø. Vi har ein open dialog mellom alle profesjonar i avdelinga, noko som bidreg til eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Avdelinga har høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, intervensjon, mammografi, DEXA og røntgen og gjennomfører om lag 100 000 undersøkingar årleg.
Tilsettinga inneber arbeid i 3-delt turnus der vaktene vil foregå ved SNR Hjelset.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden/CV.
Personlige eigenskaper som passar til stillinga vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Rita Overvåg, Seksjonsleiar, Rita.Overvag@helse-mr.no
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5136699576
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2026