Etter eit spennande oppstartsår skal fleire av dei tilsette ved Voldabadet no vidare til studiar eller militæret. Vi søkjer difor nye medarbeidarar til teamet vårt.
Vi ønskjer ei god bredde i personalgruppa for å kunne gi eit best mogleg tilbod til ulike brukargrupper, sikre god og stabil drift og skape eit utviklande arbeidsmiljø. Dette gjeld både alder, bakgrunn og kjønnsbalanse.
Det skal byggast eit nytt team, og vi lyser difor ut fleire stillingar som krev ulike kvalifikasjonar og stillingsbrøkar.
Stillingsprosent på dei ulike stillingane vil avhenge av kva kvalifikasjonar den enkelte har, og kva ynskjer som meldast inn frå søkjarar, sett i ein totalkabal med behov i drift av anlegget i gitt driftsmodell. Vi treng 6-8 badevertar i ca 25-80% stilling. Arbeidstid er dagtid,ettermiddag og kveld i vekene, samt kvar 2. eller 3. helg. Det er difor viktig at du presiserer kva kva stillingsbrøk du ser føre deg, og om du ynskjer å jobbe kvar 2. eller 3. helg.
Vi ser etter deg som er fleksibel og løysingsorientert, da oppgåver knytt til anlegget vil variere. Kundetilfredsheit er viktig for oss, du må difor vere serviceinnstilt og positiv til å delta i å utvikle tilbodet i anlegget. Det er ei styrke med mangfald i personalet, vi satsar difor på ei god fordeling på kjønn, alder og etnisitet.
Alle aktuelle kandidatar må bestå førstehjelpskurs og livbergingskurs (vert tilbudd), før kontrakt skrivast.
Det er tre hovudstikkord til stillinga: bassengferdigheiter, reinhald og service.
Som kjem av tre hovudfokus for oss: tryggleik, hygiene og god stemning!
Vil du vere med på å skape symje- og badeglede saman med oss? Vi søkjer etter fleire personar til stilling som badevert. Ei spennande stilling der du vert eit sentralt medlem i teamet.
Som badevert jobbar du hovudsakleg ved bassenga, men kan innimellom få oppgåver knytt til kiosksal og billettering. Våre hovudprioritetar er tryggleik, hygiene og god stemning. Dette skaper du ved å vere til stade, tydeleg og hjelpsam. Vi skal saman skape ein arena der alle er velkomne, trivast og ynskjer å kome attende.
Anlegget har mange ulike brukargrupper, med ulike behov. De er aktive deltakarar i å leggje til rette for brei aktivitet, og å skape gode opplevingar, i samarbeid med ulike andre aktørar.
Vi har eit høgt nivå på reinhald og tryggleik, og må difor løpande utvikle og implementere effektive rutinar. Her har alle eit ansvar for god koordinering av reinhald, og vedlikehald av fasilitetar og utstyr.
Alle badevertar har eit tett samarbeid med Teamkoordinator og dagleg leiar, for å sikre smidig drift og positiv arbeidskultur. Vi skal skape høg trivselsfaktor, og de er vårt ansikt utad.
Kvalifikasjonar til stillingane:
Relevante personlege eigenskapar og kvalifikasjonar vert vektlagt
Solveig Storeide, Seksjonsleiar idrett og arena, 90565727, solveig.storeide@volda.kommune.no
Stormyra 2
6100 Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5103889838
Stillingsprosent: 70, 30%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 11.05.2026
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Fleire ledige stillingar i Volda kommune