Vaskeriet vårt treng fleire hender
At du er pliktoppfyllande og punktleg
Er samarbeidsvillig og positiv
Har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
At du er i grei fysisk form, då noko av arbeidet kan vere litt krevjande
Har grunnleggande norskkunnskapar
At du kanskje har litt erfaring frå vaskeri/reinhald frå før, utan at det er eit krav - du vil få opplæring hjå oss
Det er ein fordel at du er 18 år eller meir, men vi er opne for å ta i mot søknadar frå dykk som er mellom 16 og 18 år.
Sortering av klede og tekstilar
Vasking, tørking og etterbehandling
Bretting og pakking av reint tøy
Kvalitetskontroll av tekstilar
Reinhald og vedlikehald av arbeidsområde og utstyr
Eit triveleg arbeidsmiljø
Konkurransedyktige vilkår
Varierte arbeidsdagar
Opningstida vår er frå 08.00 til 16.00, men sidan dette ei deltidsstilling kan vi vere fleksible på start og sluttidspunkt.
Furene er ei arbeids- og inkluderingsbedrift med over 50-års drift innan karriere- og kompetanseutvikling. Vi er eigd av Norges Handikapforbund og dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Vårt mål er å bidra til auka arbeidsinkludering for deltakarar som av ulike årsaker står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet. Furene har eit omfattande samarbeid med arbeidslivet på Søre Sunnmøre innan rekruttering, og som leverandør av ei rekkje varer og tenester. Vi leverer også ei rekke tenester for NAV.
Dette gir oss mange alternativ og stor grad av fleksibilitet for utprøving av arbeidstakarar i ulike typar arbeid, både internt i våre produksjonsavdelingar, og eksternt hos våre samarbeidspartnarar.