Ledig fast stilling – 90 % helsefagarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar
Frå 01.08.2026 har vi ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å jobbe tett på menneske og bidra til ein trygg og meiningsfylt kvardag for eldre. Vi har ledig ei fast 90 % stilling som helsefagarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar.
Fjordsyn er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 29 trygge og tilrettelagde leiligheiter. Bustaden er ein del av avdeling heimeteneste. Her er personalet stasjonert i huset for å sikre tryggleik, stabilitet og kontinuitet for bebuarane – og for å skape eit miljø der både brukarar og tilsette kan trivast. Du blir ein del av eit fagleg engasjert team som samarbeider tett, støttar kvarandre og har fokus på kvalitet i alle ledd.
Det er for tiden todelt turnus med dag/kveld og arbeid kvar tredje helg.
👉 Klar for ein jobb som gir både fagleg utvikling og ekte arbeidsglede?
👉 Søk no – 😄 Vi vil ha deg med på laget!
Hovudoppgåvene er å yte helse- og omsorgstenester til bebuarane ved Fjordsyn omsorgsbustader, som har 29 leilegheiter. Som helsefagarbeidar vil du møte brukarar med ulike behov, og du skal bidra til god omsorg gjennom observasjon av brukaren sin tilstand og ved å utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og tiltaksplanar. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og tilrettelegging slik at bebuarane får eit godt og meiningsfylt innhald i kvardagen, og kvar einskild tilsett har ansvar for å medverke til godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø. Stillinga inneber særleg ansvar for observasjon og dokumentasjon av brukaren sin helsetilstand, samt å setje i verk og følgje opp nødvendige tiltak i samarbeid med anna helsepersonell. Helsefagarbeidaren har òg ansvar for rettleiing av pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at du som tilsett skal vere trygg og kompetent i arbeidet. Dokumentasjon i pasientjournal er ein viktig del av arbeidet, tilpassa rolle og ansvar.
Lill Kristin Vassbotn, Seksjonsleiar, 41 40 00 27, lill.kristin.vassbotn@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521, elsebeth.melle@volda.kommune.no
Sevrinhaugen 4
6102 Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5140007120
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Fleire ledige stillingar i Volda kommune