Ved Kreftklinikken på Haukeland universitetssjukehus er det ledig ei stilling som stipendiat knytt til prosjektet ART-FORSEE (“Network in Adaptive Radiotherapy for Novel Treatment Strategies”). ART-FORSEE er ei forskingssatsing på adaptiv stråleterapi, særleg innan protonterapi. Prosjektet omfattar utvikling og evaluering av adaptive behandlingsmetodar, kliniske studiedesign og KI-baserte løysingar for meir presis og effektiv kreftbehandling.
Haukeland universitetssjukehus er ein leiande aktør innan kreftforsking og regionsjukehus for kreftbehandling i Helse Vest. Protonterapi vart etablert ved Kreftklinikken våren 2025, og vi står no i startfasen av eit ambisiøst forskingsløft innan protonterapi.
Stipendiaten vil arbeide i eit tverrfagleg forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå, med stort potensial for fagleg gjennomslag og brei internasjonal synlegheit. Stillinga er 100 % over tre år.
Som doktorgradsstipendiat vil du arbeide for meir presis og persontilpassa protonbehandling. Prosjektet har som mål å utvikle nye metodar for handtering av geometrisk og biologisk usikkerheit, inkludert protonrekkevidde og relativ biologisk effekt (RBE).
Stipendiaten vil arbeide i skjeringspunktet mellom medisinsk fysikk og klinisk onkologi, og oppgåvene vil mellom anna omfatte:
Ved vurdering av søknader vil det verte lagt vekt på kandidatens faglege og personlege føresetningar for å gjennomføre både forskarutdanninga og forskingsprosjektet. Vi søkjer ein kandidat som:
Merk at alle dokumentar skal være på engelsk eller eit skandinavisk språk.
I samsvar med offentleglova kan opplysningar om søkjarane bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om konfidensiell handsaming.
Spørsmål om stillinga:
Camilla Hanquist Stokkevåg (camilla.hanquist.stokkevag@helse-bergen.no)
Prosjektleiar Grete May Engeseth (grete.may.engeseth@helse-bergen.no)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Camilla Hanquist Stokkevåg, Forskar, +47 93617271, camilla.hanquist.stokkevag@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5139901822
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2029
Søknadsfrist: 17.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.