Vil DU bli vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre?
Vi har ledig 80% fast stilling for sjukepleiar med eventuelt vidareutdanning i psykiatri eller geriatri. Oppstart frå snarast. For tida todelt turnus dag/kveld, med arbeid kvar 3. helg.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av:
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering
Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad vil vere ved døgnpost.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon.
Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).
Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5103940185
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026