UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det juridiske fakulteter det ledig ei stilling som stipendiat knytt til Senter for europeisering av norsk rett (CENTENOL) og prosjketet EØS-trygderett.
Ph.d.-prosjektet skal bidra til kunnskapsutvikling om europeiseringa av trygderetten i Noreg. Ønska oppstart i stillinga er 1. september 2026.
CENTENOL forskar på korleis EØS-retten påverkar Noreg, mellom anna gjennom analysar av Noregs rolle i EØS-samarbeidet og tilknytinga til EU. Forskinga omfattar særlege problemstillingar innan trygderett, innvandringsrett og arbeidsrett. Kandidaten vil vere knytt til arbeidspakke 1 der forskinga er retta mot den komplekse samverknaden mellom EØS-retten og trygderetten. Eit sentralt tema er forholdet mellom den generelle retten til fri rørsle etter EØS-retten og koordineringa av nasjonale trygdeordningar. Kandidaten vil òg vere kopla til prosjektet EØS trygderett, som har som hovudmål å kartlegge dei føringane EØS-retten legg på norsk trygdeforvaltning. Prosjektet undersøkjer også moglegheitsrommet for å praktisere norsk trygdelovgiving på ein måte som samsvarer med EØS-retten.
Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet er til vanleg norsk.
Som stipendiat skal du delta ifakultetetsutdanningsprogram forph.d.-graden.innanfor ei tidsramme på tre år. Fakultetet sitt doktorgradsprogram gjennomførast på norsk eller engelsk, avhengig av behova i ph.d.-gruppa.
I tillegg til å fylle kravet for tilsetjing, må søkjarane også fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program. Fakultetet utnemner rettleiar for kandidaten ved tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir.sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning.
Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.
Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorgevia lenkje på denne sida merka «Søkstillingen».
Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.
Vurderinga av søkjarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for tematikken i utlysinga. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre ph.d.-programmet og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen finn du her.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.