Er du engasjert i ungdom og vil vera med å påverka utviklinga av Ryfylke? Då bør du søkje denne prosjektstillinga!
Me søkjer etter ein medarbeidar som skal ha ei sentral rolle i oppfølginga av Ungdomsstyret i Ryfylke og i arbeidet med å utvikla prosjekt og tiltak retta mot unge i regionen.
Me ser etter nokon med:
God innsikt i kva som engasjerer ungdom er ein fordel
Gode ferdigheiter innan digitale verktøy og plattformer, inkludert sosiale medium
Komfortabel med å kommunisera både munnleg og skriftleg, og trivst med å halda presentasjonar og vera synleg, til dømes framfor kamera
Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
Tek ansvar og får ting gjennomført
Erfaring frå eller lyst til å lære meir om prosjektarbeid
Kjennskap til Ryfylke er ein fordel, men ikkje eit krav
Må ha førarkort klasse B, då det blir ein del reising internt i Ryfylke
Me ber om at du sender søknad i form av ein kort video der du fortel kven du er og kvifor du vil jobba hos oss. Legg også ved CV.
Administrera Ungdomsstyret i Ryfylke, som for eksempel møteplanlegging, møtereferat, oppfølging av saker og praktisk tilrettelegging
Planleggja og gjennomføra RyRekrutt, ein årleg nettverk- og rekrutteringsfest for ungdom og bedrifter i Ryfylke
Kommunikasjonsarbeid, inkludert sosiale medium, artiklar og oppdatering av nettsider
Bidra i utviklinga av den digitale plattforma Heim te Ryfylke
Bidra i vidareutviklinga av Trainee Ryfylke
Følgje opp andre oppgåver/prosjekt initiert av Ungdomsstyret
Ei spennande og variert prosjektstilling, der du får stor påverknad på ungdomsarbeidet i Ryfylke
Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø
Ei viktig rolle i å bidra til å forme framtida for dei unge i Ryfylke
Kontorstad er Hjelmeland, men me er fleksible på både arbeidstid og arbeidsstad
Løn etter avtale
Tilgang til bil i prosjektet
Stillinga er inntil 100 prosent, og det er gode moglegheiter for å tilpassa stillingsprosent slik at den kan kombinerast for eksempel med studiar.
Ryfylke IKS arbeider for å styrke næringsliv, rekruttering og mobilitet i Ryfylke.
Me er eit interkommunalt selskap eigd av Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes (tidlegare Forsand). Vårt mål er å utvikle ein region der folk har lyst å bu, jobbe, starte bedrifter og skape framtida si.