Monsanut barnehage har ledig stilling på 100% for pedagogisk leiar.
Me er ein 3-avdelingsbarnehage med fantastiske uteområde på toppen av Lye. Vi har omlag 13 årsverk som gir eit godt pedagogisk tilbod til 56 barn. Time kommune eig og driv barnehagen. Me har ei stabil personalgruppe, gode medarbeidarmålingar og gode foreldreundersøkingar. Barnehagen er inne i ei god fagleg utvikling der vår profesjon blir sett på dagsordenen. Barna skal oppleve god kvalitet her på dagtid. Vi er ein estetisk barnehage som legg vekt på leik og læring gjennom sansar og undring. Vår visjon er: «Tid til barns beste». Tilknytning, tryggleik, fellesskap og vennskap står sentralt. Foreldra er viktige og barna er ressurspersonar. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på MarteMeo, CLASS, GLEDING, natur og leik- SELMA. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga på UIS, me har elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.
Time kommune har ambisjonar om å tilby barnehagar med høg kvalitet der barn opplever tryggleik, trivsel og utvikling. Me arbeider systematisk med kvalitet, inkludering og tidleg innsats i heile oppvekstløpet.
Som pedagogisk leiar blir du ein del av leiarteamet i barnehagen og får ei sentral rolle i både drift og utvikling. Du vil ha ansvar for foreldre og personal på din avdeling. Du vil få fagleg utvikling, og bidra til at barnehagen blir driven i tråd med lover, forskrifter og kommunale føringar.
Du vil bidra til utvikling av barnehagen som ein lærande organisasjon med høg kvalitet.
Ha medansvar for arbeidsmiljø og nærværs arbeid.
Medvirke til godt foreldresamarbeid og bidra til å sjå på barn som ressurspersoner.
Styrke arbeidet med inkluderande praksis og tidleg innsats.
Delta i utviklingsarbeid på tvers av oppvekstområdet i kommunen LLB.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Berit Time Bø, Styrar, 95212332, berit.time.bo@time.kommune.no
Grasdalen 2
4347 Lye
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5143662043
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.