Stad kino har ledig ei fast 25 prosent stilling som kinovert, med oppstart 01.08.2026
Alt arbeid er knytt til kveld og helg. Som kinovert jobbar du omlag to helgar i månaden. Arbeidstid etter oppsett årsplan.
Stad kino er samlokalisert med Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule, og har faste visningar torsdag, fredag og søndag.
Det er ikkje krav om formalkompetanse i stillinga, men det er krav om realkompetanse:
NB: Husk at du må laste opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden!
Stad kommune har seks månader prøvetid.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt Stad kino ved Ragni Marie Strand Rasmussen 91141544 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ragni Marie Strand Rasmussen, Stad kino, 91141544, ragni.rasmussen@stad.kommune.no
Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33, geir.holmen@stad.kommune.no
Sophus Lie-vegen 3
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5116161489
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!