Bli ein viktig del av teamet vårt på Ølen omsorgssenter, der me arbeider saman for å skapa ein trygg og god heim for bebuarane våre. Me søkjer no ein assistent til ei spennande fast stilling i 80–100 % på somatisk langtidsavdeling.
Hos oss får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande miljø, med varierte oppgåver som gir deg både utvikling og meistring. Kanskje er dette også eit steg på vegen mot fagbrev?
Ølen omsorgssenter har 15 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdeling. Me har eige kjøkken som lagar mat kvar dag, og tilsynslege tilgjengeleg to dagar i veka.
I same bygg finn du også heimebaserte tenester, fysio- og ergoterapitenesta, vaksinekontor og dagsenter.
Me nyttar årsturnus som går frå februar til februar, der du har moglegheit til å legge inn eigne ønskjer.
Hos oss ønskjer me eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, med kort veg til engasjerte leiarar som lyttar til dine idear. Me legg til rette for at medarbeidarane våre skal få utvikla seg fagleg og innan eigne interessefelt, og at dei skal ha ein arbeidshverdag som motiverer og engasjerer.
Me er i stadig utvikling, og ønskjer å kome i kontakt med deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i eldreomsorga. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål.
Du kan også sjekke Facebook-sidene våre (Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter) dersom du ønskjer å bli betre kjend med oss.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.