Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og ønskjer å vere med å utvikle gode omsorgstenester innan geriatri og demens?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?
Då vil me ha deg med i laget - anten du har erfaring eller du er nyutdanna - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.
Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt
Me tilbyr
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Hallinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herAvdeling Stugu er ei sjukeheimsavdeling som tilbyr langtidsopphald til pasientar med demensdiagnose og generelle geriatriske problemstillingar. Avdelinga har 33 plassar og 32 årsverk. Avdelinga tilbyr heilskapleg og tverrfagleg pleie, omsorg og behandling, som gjev god livskvalitet. Det blir lagt stor vekt på tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for bebuarane.
Avdelinga har base på Ål helsesenter som består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.