Skulen har ca. 450 elevar fordelt på 8., 9. og 10.trinn. I januar 2026 flytta vi inn i ny skule med 3 heimeområde per trinn. Skular med heimeområde treng lærarar som kan samarbeide tett om undervisninga , er fleksible og utviklingsorientert. I tillegg har skulen ei nyoppretta forsterka avdeling (STOLT).
Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes, 8 minutt med buss frå Arna stasjon. Det er god kommunikasjon til og frå Garnes på dagtid.
Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og eit nærmiljø med moglegheit for varierte aktivitetar. Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen sin visjon er "læring og trivsel for alle". Vi arbeider etter PALS-modellen. Vi har satsing på tilpassa undervisning i ein inkluderande skule. Det er ønskeleg med lærarar som legg opp til at elevane er aktive i eiga opplæring. Skulen er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet. Det blir forventa at tilsette lærarar kan vere praksislærarar.
Garnes ungdomsskule har ledig:
* 1 fast stilling i 100 % med norsk og spansk.
* 3 årsvikariater i 100 % skuleåret 2026-2027. Av desse er 1 vikariat med norsk og kroppsøving, 1 vikariat med norsk og kunst og håndverk og 1 vikariat med norsk og kroppsøving eller kunst og handverk.
*1 vikariat i 100 % frå skulestart til 1.april 2027 som må dekke faga engelsk og kroppsøving.
Garnes ungdomsskule har nynorsk som hovudmål i opplæringa. Lærarar må meistre både bokmål og nynorsk skriftleg.
I faga norsk, matematikk og engelsk er det krav om 60 studiepoeng, i dei resterande faga er det krav om 30 studiepoeng.
Alle som vert tilsett må kunne vere kontaktlærar. Vi ønskjer lærarar med utdanning innan spesialpedagogikk kombinert med anna kompetanse som er beskrive i utlysninga.
Ragnhild Joan Kaarstad, rektor, 90877982
Garnesvegen 88
5260 Indre Arna
Arbeidsgiver: Bergen kommune
Referansenr.: 5115278047
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.05.2026