Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei tre sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund har 55 stillingar og om lag 70 tilsette.
Seksjonen består av fagområda hematologi og koagulasjon, service med preanalyse, PNA og urinanalyser, automasjon med pre/post-analyse, klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi og blodbank/transfusjonsmedisin.
Vi har ledig ei fast stilling som bioingeniør i tredelt vaktturnus frå 01.09.2026 eller etter avtale.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg CV/søknad.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Camilla Jensen Pedersen, Seksjonsleiar, Camilla.Jensen.Pedersen@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5141154790
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026