Stranda kommune søkjer ferievikar i ca. 75% stilling til reinhald på rådhuset i veke 30, 31 og 32.
Arbeidstid er dagtid omlag 4 til 5 timar pr. dag.
Du vil få opplæring i arbeidsoppgåvene i forkant av oppstart. Dato for opplæring avtalar vi etter kva som passar deg best.
Janet Alme, Personalsjef, +47 464 11 019
Øyna 13
6200 Stranda
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5125036090
Stillingsprosent: 75%
Sommarjobb
Startdato: 20.07.2026
Sluttdato: 07.08.2026
Søknadsfrist: 21.05.2026
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.