Tysvær kyrkjelege fellesråd har frå 1.9.2026 ledig 100 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar, med hovudarbeidsområde Førresfjorden Sokn og Nedstrand Sokn. Vi søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i kyrkjelydane.
· Utdanning iht. kvalifikasjonskrav for kantor/kyrkjemusikar.
· Søkarar med anna relevant musikalsk utdanning og erfaring blir og vurdert for stillinga, då på lik linje med dei med formell kyrkjemusikalsk utdanning.
· Beherskar liturgisk spel.
· God kjennskap til Den norske kyrkja sin liturgi og salmetradisjon.
· Engasjement og evne til å bygge opp, leie og rekruttere til kyrkjemusikalsk arbeid for vaksne, barn og ungdom.
· Beherske skriftleg og munnleg norsk.
· Kunne bruke digitale verktøy i sitt daglege arbeid.
· Den som vert tilsett må disponere eigen bil og ha førarkort kl. B. Kjøregodtgjering vert ytt etter statens regulativ.
· Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja. Det kan søkast dispensasjon for kravet om medlemskap
· Det vil bli kravd tilfredsstillande politiattest jf. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
· Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og fleksibilitet.
· Gode samarbeidsevner.
· Evne til å sjå det musikalske saman med anna menighetsarbeid.
· Det vil vere viktig med eit godt samarbeid med kyrkjelyden sine utval, frivillige og tilsette.
· Evne til å byggje gode relasjonar.
· Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
· Evne til å arbeide strukturert.
· Allsidighet og erfaring med ulike stilartar og musikalsk uttrykk er ynskjeleg.
· Planleggje og gjennomføre gudstenester, gravferder og vigsler saman med andre tilsette.
· I samarbeid med frivillige og andre tilsette planleggje og gjennomføre andre arrangement og konsertar
· Bidra i kyrkjelyden sitt menighetsarbeid, herunder konfirmantarbeid og korarbeid.
· Andre oppgåver etter avtale
Vi tilbyr
Lønn etter tariffavtale i KA-området.
Medlemskap i KLP
Ønske du å jobbe i ein lågare stillingsprosent enn 100% vil det og bli vurdert.
Kjekke kollegaer
Gode instrumenter; Orgelet i Aksdal Kyrkje er eit Ryde, 13 stemmers orgel. I Førre er orgelet eit Jehmlich-orgel, 14 stemmers. Orgelet i Nedstrand Kyrkje er eit Christensen og Sønner, 14 stemmers orgel og i Skjoldastraumen er det eit Gustavsen, 8 stemmers orgel.
Førresfjorden sokn har ca 5400 medlemmer. Hovudkyrkja i soknet er Aksdal Kyrkje, ei arbeidskyrkje frå 1995. Førre Kirke ligg og i menigheten. Nedstrand sokn har ca. 1500 medlemmer fordelt på Nedstrand og Skjoldastraumen kyrkjelydar. Det er eit variert gudstenesteliv for store og små i kyrkjelydane, og god oppslutning om dåp, konfirmasjon og trusopplæringstiltak. I kyrkjelydane arbeider det både kyrkjetenar, organist, kyrkjelydspedagog, diakon og sokneprest mfl. Arbeidet vert drive av tilsette, i samarbeid med frivillige. Tysvær sokn ligg også i vårt fellesråd.
Kyrkjekontoret er i Aksdal kyrkje, ei arbeidskyrkje sentralt plassert i kommunesenteret 12 kilometer aust for Haugesund sentrum. Vi har og eit nært samarbeid med Bokn sokn i vår nabokommune. Tysvær Kyrkjelege Fellesråd og nabofellesrådet Vindafjord vurderer å slå saman sine organisasjonar. Dette vil bli avgjort i løpet av kort tid.