Stad kommune har ledig 70 % fast stilling som barne- og ungdomsbibliotekar med oppstart 01.08.2026.
Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger. Hovudbiblioteket er eit kombinasjonsbibliotek med folkebibliotek og skuleboksamling for Eid vidaregåande skule. Biblioteket ligg i Operahuset Nordfjord, og er samlokalisert med Eid frivilligsentral og Eid vidaregåande skule.
Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegium som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar.
Utdanning:
Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt fagleiar bibliotek Janne Mari Hjelle, tlf. 97096997 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Janne Mari Hjelle, Fagleiar bibliotek, 970 96 997, janne.mari.hjelle@stad.kommune.no
Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33
Sophus Lie-vegen 3
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5117312070
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!