Einingsleiar sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
Gulen kommune har ledig 100% vikariat som helsefagarbeidar, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim frå snarast/etter avtale til 31.07.2027. Turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter) eller kvar 3. helg (ordinære vakter).
I Gulen kommune er det løn over tariff for helsefagarbeidarar som går i turnus, samt ekstra helgekompensasjon for gått vakt.
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.