Surnadal og Rindal kulturskole er ein interkommunal kulturskole for Surnadal og Rindal kommune.
Vi søker etter ein engasjert lærar på messingblåsinstrument for å undervise elevane våre og vere med på å bygge opp elevgrunnlaget i skolekorpset gjennom eit rekrutteringsprosjekt.
Vi ønsker fagleg og pedagogisk utdanning på universitet-/høgskolenivå. Gjerne også med kompetanse på bi-instrument. Erfaring innan skolekorpsarbeid er ønskelig.
Stillinga omfatter undervisning i messinginstrument, aspirantgrupper i skole/sfo for å rekruttere elevar til korpset, prosjektarbeid og andre oppgåver innafor musikkavdelinga.
Søker må ha førarkort og disponere egen bil.
Gode kunnskaper i norsk blir vektlagt pga yngre elever.
Tilsetting etter gjeldande regelverk.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Nærare opplysninger om innhald i stillinga og skolen får du ved å kontakte rektor Torbjørn Larsen, mob: 41542117 eller kulturskolen@surnadal.kommune.no
Skriftlig søknad med godkjente vitnemål sendes elektronisk via easycruit til Surnadal kommune
Link til søknadsskjema:
Søk herSurnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.
Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 900 medarbeidarar fordelt på 495 årsverk. Desse er fordelt på ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre.
Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene. Det er difor viktig at du er fleksibel, tek ansvar, viser initiativ og kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø.