Avdelingsleiar
Ønskjer du jobb i helse og omsorgssektoren og du har ein kompetanse me treng?
Har du planar eller vurderer du å flytte til Ål eller Hallingdal?
Har du ledig kapasitet og ønskjer du å jobbe ekstra?
Ønskjer du ekstrajobb som gir deg relevant erfaring?
Om oss:
Helse- og omsorgssektoren består av 8 avdelingar som samla gir eit heilskapleg tilbod av helse- og omsorgstenester.
Ål helsesenter består av avdeling Meistring (fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, dagsenter, Friskliv) heimesjukepleie, Gjestetunet(korttidsavdeling), avdeling Stugu (langstidsavdeling), Ål legeteneste (legekontor og Hallingdal legevaktsentral). Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.
Miljøterapitenesta har base på Prestegardsjordet.
I Familiens hus har me lågterskel tenester som svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste 0-5 år, skulehelseteneste og psykisk helse for born og unge. Vidare er Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) ein del av Familiens hus.
Me har god fagdekking og fokus på fag- og kvalitetsutvikling. Det er eit godt og tett tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene og med frivillige og Frivilligsentralen.
Du må være sjølvstendig, like kontakt med menneskjer og du bør ha førarkort. Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg. For å jobbe i helse- og omsorgssektoren må du vere 18 år.
Er du nyutdanna eller har du liten erfaring, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.
Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.
Alle avdelingsleiarar i Helse- og omsorgssektoren har tilgang til søknadar som kjem inn, og kan ta kontakt med aktuelle søkjarar. Annonse ligg open ut året, og søknaden din vil bli liggjande tilgjengeleg for leiarane til du eventuelt ber oss om å trekke den.
Avtale som tilkallingsvikar inneber at me tek kontakt med deg ved behov for kortvarig og mellombels engasjement. Tilkallingsvikaren har ikkje arbeidsplikt i kommunen, og kan takke ja eller nei til tilbod om arbeid. Det er avdelinga sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag.
Du viser din interesse ved å søkje på denne stillinga. Dersom du ønskjer å jobbe ved ei bestemt avdeling ber vi om at du oppgir dette i søknaden.
Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ein stilling som er av interesse må du leggje inn en ny søknad på den aktuelle stillinga, sjølv om du tidigare har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad.
Du er velkommen til å ta kontakt med oss.
Link til søknadsskjema:
Søk herÅl kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Dei fleste av helse-og omsorgstenestene er lokalisert ved Ål helsesenter, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester. Me har moderne lokalar og god tilgang på teknisk utstyr. Ål helsesenter er samlingspunkt for små samankomstar og større arrangement. Me har eigen kafeteria som tilbyr kaffi, lunsj og middag. Kårstugu og Nigardstugu har ei rekkje aktivitetar som både bebuarar og heimebuande nyttar seg av. Dagsenter for eldre og dagsenter for kognitiv svikt er også lokalisert ved Ål helsesenter.
Det blir lagt til rette for å vidareutvikle sin kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Helse- og omsorgssektoren driv spanande prosjekter og utviklingsarbeid, som sett dagsaktuelle tema i fokus.
Me er også vertskommune for Hallinghelse, som er eit unikt fag- og utviklingsfellesskap for kommunane i Hallingdal.
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv! Bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Les meir på våre heimeside.
Ål er ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!