Vil du jobbe tett på leiing og tenester – og vere med å forme helse‑ og omsorgstenester i framtida i Haram?
Haram kommune står i viktige og nødvendige endringar i helse‑ og omsorgstenestene. Vi søkjer no ein rådgjevar som vil jobbe breitt i skjeringspunktet mellom fag, system og leiing, og bidra til at endringar kan gjennomførast på ein forsvarleg, ryddig og berekraftig måte.
Dette er ei stilling for deg som trivst i ein liten kommune der avstanden mellom avgjerd og handling er kort – og der arbeidet ditt faktisk får betydning.
Dette er ei rådgjevarstilling for deg som ønskjer å jobbe tett på leiing, ha reell påverknad og bidra til fagleg forsvarleg utvikling av helse‑ og omsorgstenester i ein liten og handlekraftig kommune.
Rådgjevarstillinga er plassert i stab hos kommunalsjef Helse og omsorg. Du blir ein del av eit lite, tverrfagleg stabsteam som støttar leiing og tenester innan heile helse‑ og omsorgsområdet i Haram kommune.
Vi står midt i arbeid med mellom anna ny institusjonsstruktur og utvikling av tenesteflyt, prioriteringar i møte med aukande behov og avgrensa ressursar, styrking av systematikk, kvalitet og samanheng i tenestene og tettare samhandling med spesialisthelsetenesta
Dette krev god forståing for både helse‑ og omsorgstenester og korleis system og struktur støttar fagleg forsvarleg drift.
Dette er ikkje ei smal spesialistrolle. Det er ei generalistrolle for deg som ønskjer å arbeide tett på leiing og tenester – og som likar å sjå heilskap og samanhengar.
I Haram betyr det at vi må kunne litt av mykje – og mykje av det viktigaste, vi jobbar tett saman i stab for å vere mindre sårbare ved fråvær og vi er involverte i både struktur, system, fag og utvikling
Du vil vere ein fagleg sparringspartnar for leiarar og bidra til at endringar faktisk kan gjennomførast på ein god, trygg og forsvarleg måte.
Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og erfaring, og løyste i tett samarbeid med øvrige rådgjevarar i stab.
-erfaring med større endrings-, omstillings- eller utviklingsprosessar
-erfaring med systematisk forbetrings- og kvalitetsarbeid
-juridisk erfaring knytt til forvaltningsrett, helse- og omsorgslovgiving eller rettstryggleik i tenestene
Vi er opne for ulike faglege bakgrunnar og legg stor vekt på heilskapsforståing, dømmekraft og evne til å omsetje fag og regelverk til god praksis.
I Haram er vi få, og det vi gjer heng tett saman. Personlege eigenskapar og evne til å fungere godt i eit lite stabsteam vil difor bli tillagt stor vekt.
Denne stillinga passar for deg som ønskjer å vere tett på både avgjerder og gjennomføring – og som finn motivasjon i å vere med og utvikle tenester i ein kommune der arbeidet ditt faktisk gjer ein forskjell.
Elin Katrin Vegsund, Kommunalsjef, 908 53 777, elin-katrin.vegsund@haram.kommune.no
Strandgata
6270 Brattvåg
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5108470390
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 29.05.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.